Hopp til hovedinnhold

Gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse

Ei gruppe glade ungdommar, tett saman

Er du elev på Slåtthaug vgs.? Då kan du få gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse, viss du ikkje har tatt vaksinen før. NB! Du må bestille vaksinen innan 24. februar.

Informasjon om tilbodet

Dette tilbodet gjeld altså berre elevar som ikkje er vaksinerte frå før.

Her kan du lese Bergen kommune sitt informasjonsbrev om tilbodet: Informasjon til elevar om meningokokkvaksinering 2023.

På nettsida til Folkehelseinstituttet finn du meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon: Ungdom og vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse. Folkehelseinstituttet oppfordrar ungdom mellom 16 og 19 år til å vaksinere seg.

Slik bestiller du vaksinen

Fyll ut bestillingsskjemaet og lever det i ekspedisjonen ("kontoret") på A-bygget.
Frist: fredag 24. februar. 

Gjennomføring

Du vil få nærare informasjon om når du skal vaksinerast. Det blir tidlegast i veke 11.