Nest siste skuledag før jul på Slåtthaug? Finalar i volleyballcupen, sjølvsagt!
Som vanleg har vi hatt volleyballcup på skulen i haust, og i går var det vi komne fram til finalekampane. For dei som meiner jul handlar om tradisjonar, er det her midt i blinken. Det er visst ingen som heilt veit kva tid vi starta med dette, men det er MANGE år sidan.
Finalane
Finalen på jentesida, mellom 2HEAb og 1HSb, blei spelt parallelt med gutefinalen mellom 4PBYb og 2TMFb. Det var gode kampar med høgt tempo, men til slutt var det ikkje tvil: både 1HSb og 4PBYb vann sine kampar i to strake sett.
Heder og ære (og premiar)
Og banens beste er ...
Elevar versus lærarar
Deretter skulle lærarane prøve seg mot vinnarlaga. For mennene gjekk det som det måtte gå (og som det alltid går). Det blei tap, trass i godt spel frå lærarlaget. Det må seiast, motstandarane frå 4PBYb er kanskje det beste laget på skulen på mange år. Som ein lærar kommenterte: "Eg trur ikkje dei ga alt, heller ..."
På kvinnesida gjekk det litt betre, sett frå ein lærarståstad. Kampen blei svært jamn og det måtte eit tredje sett til, men til slutt drog lærarlaget sigeren i land.