Hopp til hovedinnhold

Klage på karakter?

Viss du meiner at reglane for å fastsette ein standpunktkarakter ikkje er følgde, kan du klage.

Du kan klage på standpunktkarakterar dersom du meiner at reglane for å sette karakterar ikkje er følgde. Det gjeld både standpunktkarakterar i fag og i orden og åtferd. Du kan også klage på Ikkje vurdering (IV).

Om du vil klage, fyller du ut eit skjema på nettsidene til Vestland fylkeskommune. Der kan du også lese meir om kva du må tenke på og gjere, og om kva som skjer vidare.

Frist

Fristen for å klage er den 24. juni.