Hopp til hovedinnhold

Elevtenesta

Gruppebilde av elevtenesta.

Elevtenesta på Slåtthaug skal støtte og hjelpe deg slik at du får ei god tid som elev her på skulen.

Hei alle elevar på Slåtthaug vgs!

Her på Slåtthaug har vi ei eiga avdeling som heiter Elevtenesta. Å støtte og hjelpe deg slik at du har ei god tid som elev her på skulen, er i fokus for alle oss som jobbar i denne avdelinga.

Kapittel 12 i Opplæringslova seier at alle elevar i grunnskular og vidaregåande skular har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, inkludering, trivsel og læring. Elevtenesta har eit særleg oppdrag med å jobbe for at elevane skal få denne retten oppfylt.

Kva kan vi hjelpe med?

Treng du nokon å snakke med? Treng du studierettleiing? Treng du hjelp til å søke om stipend? Har du behov for tilrettelagd eksamen, eller ønsker du hjelp til å finne ut om du har behov for individuelt tilrettelagd opplæring (ITO)? Dette er berre nokre av tinga vi kan hjelpe til med. Avdelinga driv også biblioteket og står for skulefrukosten.

Ei viktig oppgåve for Elevtenesta er å arbeide førebyggande på område som mobbing, rus, psykisk helse og fråvær.

Av og til kan det vere slik at du treng hjelp frå andre instansar som pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), Oppfølgingstenesta (OT), barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP), NAV, barnevern eller politi. Vi kan hjelpe deg med å få kontakt med desse og samarbeider tett med alle tenestene.

Sjølv om dei tilsatte i elevtenesta har ulike roller og oppgåver, er dei alle her for deg som elev, og dei vil vere synlege i friminutta.

Vi kan også love at det vil skje kjekke ting i fellesareala våre gjennom året!

Kven er vi?

Du kan lese meir om kven vi er og kva vi gjer nedanfor.

Avdelingsleiar

Hei!
Eg heiter Lena Sanden. Som leiar for elevtenesta skal eg sjå til at du som elev får støtte frå dei som kan hjelpe deg best.

 

Lena Sanden

avdelingsleiar elevtenesta
Lena Sanden.jpg

Rådgivarane

Vi har tre rådgivarar her på skulen: Jan Fredrik, Kristin og Lena. Dei hjelper deg med spørsmål du har om utdanninga di, vidare planar og med å søke om tilrettelegging for deg på skulen. Rådgivarane jobbar tett med heile "laget rundt eleven".

Les meir om rådgivarane og om korleis du kan kontakte dei

Miljøkoordinator

Jan Fredrik er spesielt opptatt av trivsel og førebyggande arbeid. Han har kontor på C‐bygget, men der er han ikkje så ofte. Han er så mykje som mogleg ute der det skjer.

Har du det ikkje heilt greitt ein dag, er du bekymra for ein venn, synes du det er vanskeleg å ta kontakt med andre elevar, eller er du usikker på kven du skal snakke med om noko du lurer på? Ta kontakt med miljøkoordinatoren. Han kan prate med deg eller sette deg i kontakt med dei som kan hjelpe deg best.

Miljøkoordinatoren set også i sving ulike sosiale tiltak gjennom skuleåret og er pådrivar for elevengasjement og innsats. 

Jan Fredrik Aareskjold Oddekalv

rådgivar | miljøkoordinator
Jan Fredrik Aareskjold Oddekalv.jpg

NB! Føresette er hjarteleg velkomne til å ta kontakt om dei lurer på noko eller treng å diskutere ei sak.

Miljøkoordinator

Stine er kontaktperson for elevar som har utfordringar med oppmøte og/eller psykisk helse. Ho samarbeider tett med kontaktlærarane.
Ho har kontakt med elevar og føresette for å prøve å finne tiltak for dei som slit med å komme på skulen eller treng tilpassingar i organiseringa av skuledagen.

Stine jobbar òg med saker knytt til skulemiljøet og står i bresjen for sosiale tiltak. I tillegg følger ho opp elevrådet.

Stine Isaksen Husøy

miljøkoordinator
Stine Husøy_web2.jpg

Miljøfagarbeidarane

Miljøfagarbeidarane har ei rekke ulike arbeidsoppgåver, men aller mest tid bruker dei nok på følge opp elevar. Dei arbeider med både klassar og enkeltelevar som treng ekstra hjelp og støtte i ulike fag.
Du treffer dei også ofte ute i friminutta.

Kven gjer kva?

Oppgåvene til miljøfagarbeidarane varierer etter kor behova er størst. Nokre eksempel:

Benjamin gir hjelp og støtte til enkeltelevar og i klasserommet. I tillegg er han ansvarleg for tilbodet om frukost på skulen, og han er arbeidsleiar for elevmentorane.

Martin er inne i TIF- og EL-klassar og hjelper til i programfag. Han er også aktiv ute i friminutta. 

Rebekka er med inn i klasserommet og støtter elevgrupper og enkeltelevar i læringsarbeidet. 

Renate har hovudansvaret for biblioteket. Ho er også med i timar på HO der det er bruk for ekstra oppfølging.

Tor Kristian har største delen av arbeidet sitt knytt til hjelp og støtte i verkstaden på byggfag.

Usman er inne i dei fleste klassane på vg1 og vg3. Der gir han hovedsakeleg ekstra hjelp og støtte i matematikk. Dessutan driv han leksehjelpa i matematikk og er med på skulefrukosten. Han er også med i IKT-gruppa på skulen og kan særleg hjelpe elevar med programmet Lingdys.

Benjamin Rye

miljøfagarbeidar
Benjamin Rye ny.jpg

Martin Nerbø

miljøfagarbeider
Martin Nerbø_2.jpg

Rebekka Kjellesvik Hjertnes

miljøfagarbeidar
Rebekka Kjellesvik Hjertnes_2.jpg

Renate Morvik Vikingstad

bibliotekansvarlig | miljøfagarbeidar
Renate M. Vikingstad

Tor Kristian Stabell Engum

miljøfagarbeidar
Tor Kristian S Engum ny.jpg

Usman Munir

miljøfagarbeidar
Usman_Munir.jpg

Spesialpedagogane

Elise er faglærar og spesialpedagog. Ho er med i klassar der elevar treng tilrettelegging i matematikk eller naturfag.

Madelén jobbar med å kartlegge elevar for dysleksi.

Magnhild jobbar med å følge opp elevar med rett til individuelt tilrettelagd opplæring (ITO). Ho arbeider òg med å støtte elevar som treng særskild språkopplæring.

Ruth jobbar mykje med å kartlegge elevar for dysleksi. Dersom elevar får påvist dysleksi, hjelper ho dei med å søke om utvida lisens til programmet Lingdys. 

Elise Hagevik

spesialpedagog
Elise Hagevik_2.jpg

Madelén Holth

spesialpedagog
Madelén Holth_2.jpg

Magnhild Vik Thomassen

spesialpedagog
Magnhild Vik Thommassen ny.jpg

Ruth Bjørkli Jensen

spesialpedagog
Ruth Bjørkli Jensen.jpg