Stipend frå Lånekassen

Kva har du rett på av støtte frå Lånekassen? Korleis søker du? Kva må du passe på? Her finn du meir informasjon og nyttige lenker

Kven får stipend?

  • Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring kan få utstyrsstipend.
    • NB! Lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar får ikkje utstyrsstipend.
  • Du må sjølv søke om stipend, og du kan søke først etter at du har fått skuleplass og har takka ja til plassen.
  • Når du søker om stipend, vurderer Lånekassen også om det er andre typar stipend du kan få.

Slik søker du om stipend

  • Det enklaste er å klikke seg direkte frå vigo.no til Lånekassen sin søknad, samtidig som du takkar ja til skuleplassen på Vigo.
  • Du finn også søknaden på Dine sider på lanekassen.no.
  • Du kan følge med på korleis det går med søknaden din, på Dine sider.
  • Viss du er under 18 år, er det berre ein av foreldra dine (eventuelt verge) som skal signere avtalen om støtte. Be dei opprette ein digital postkasse før du søker om støtte. Då kan dei signere elektronisk for stipendet ditt.

Pass på om du har høgt fråvær, endrar fag eller avbryt utdanninga

Du må melde frå til Lånekassen med ein gang viss du

  • sluttar eller tar ein pause i utdanninga
  • byter skule eller utdanningsprogram
  • flyttar heim til foreldra dine

Skulen melder frå til Lånekassen viss du

  • har stort fråvær
  • sluttar i eit fag/får fritak frå eit fag
  • avbryt utdanninga eller skiftar skule

Viss du har for stort fråvær, sluttar i fag eller får fritak for fag, kan det påverke kor mykje stipend du har krav på.

Lånekassen logo

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om stipend og lån på nettsida til Lånekassen og på facebook.com/lanekassen.no.