På Slåtthaug vgs. er vi så heldige å ha god tilgang til både helsesjukepleiarar og skulepsykolog.
Helsesjukepleiarane
Hei! Vi heiter Trude Vie Ytrearne og Kristine Bernard og er helsesjukepleiarar her på Slåtthaug vgs.
Kva gjer vi?
Oppgåva vår er å vere til stades for DEG.
Kanskje du treng råd, treng å bli lytta til, ønsker rettleiing, treng å ta ein klamydiatest, har opplevd noko vondt eller fått ei flis i fingeren? Kanskje du treng eller ønsker kontakt med andre instansar? Inga sak er for liten. Løysingane ligg der - vi finn dei saman.
Vi har teieplikt.
Kontakt oss
Du kan sjølv komme på døra til oss – i C-bygget i andre etasjen, med inngang frå kantina.
Eller du sende oss ein SMS eller e-post, dersom det er lettare for deg.
Telefon: 945 22 103 / 55 14 04 28
E-post: Trude.Ytrearne@bergen.kommune.no
Når?
Tysdag til fredag, frå klokka 09.00 til 14.30.
Tysdag: Trude
Onsdag: Trude
Torsdag: Kristine og Trude
Fredag: Trude
Du får dokumentert fråvær når du har vore hos ein av oss.
Trude Vie Ytrearne
Helsesjukepleiar
Kristine Bernard
Helsesjukepleiar
Velkommen! Ta kontakt, så slår vi av ein prat:)
Skulepsykolog
Eg heiter Ingrid Sundseth Johansen og er psykolog i skulehelsetenesta.
Kva kan eg hjelpe med?
Her er nokre eksempel på kva elevar snakkar med meg om:
- å vere redd for å snakke framfor andre eller andre ting ein ikkje tør
- å vere lei seg og ha lite energi
- å vere sint
- å føle seg einsam
- å streve med rus
- å ha opplevd vanskelege ting i livet
Eg har teieplikt.
Timeavtale
Du kan få time hos meg via helsesjukepleiarane Trude og Kristine eller rådgivarane på skulen. Det skal vere kort ventetid og vi kan ha mellom fem og ti timar.
Kvar og når?
Kontoret mitt er i andre etasjen i C-bygget, tvers over gangen frå kontoret til helsesjukepleiar Trude.
Eg er på Slåtthaug vgs. kvar onsdag.
Du får dokumentert fråvær når du har vore hos meg.
Ingrid Sundseth Johansen
Skulepsykolog