Hopp til hovedinnhold

Skuleskyss

Bildet viser beina og skulesekken til ein elev som antakeleg ventar på transport.

Det er enkelt å reise kollektivt til skulen vår, med buss og med bybane.

Reis kollektivt til skulen

Skulen ligg like ved Osvegen (buss-stoppet ved Elveneskrysset), og frå bybanestoppet i Skjoldskiftet er det berre tre–fire minutt å gå.

30-dagars ungdomsbillett

Elevane på Slåtthaug vgs. bruker som hovudregel 30-dagars ungdomsbillett (skyss.no) til skuleskyssen, dei aller fleste har ikkje rett til gratis skulereisekort.

Gratis skuleskyss

Les om skuleskyssordninga og reglane for gratis skuleskyss på skyss.no.

Nytt! Frå skulestart i august 2023 kan du som har rett på fri skuleskyss få skuleskyssbilletten på mobilen.