Hopp til hovedinnhold

Kven er vi?

Ein forsommardag med mykje folk utanfor A-bygget.

Slåtthaug videregående skole ligg på Nesttun i eit grønt og frodig område som er lett tilgjengeleg med buss og bybane. Vi har drygt 500 elevar og omtrent 100 tilsette.

Her finn du oss

Kartutsnitt av området rundt SLV

Adressa vår er Slåtthaugveien 134, 5222 Nesttun.
Telefon: 55 14 04 00
E-post: post.slv@vlfk.no

Vi har fire bygg (A-D). På veg inn på skuleområdet er det informasjonstavler som viser veg til dei ulike bygga. 

Reiser du kollektivt, er dei næraste haldeplassane bybanestoppet i Skjoldskiftet og busstoppet i Elveneskrysset (Osvegen). Kjem du med bil, er det merka parkering.

Klikk her for større kart og beskriving av vegen til Slåtthaug vgs

Kontoret

På A-bygget finn du ekspedisjonen vår. Der møter du Lene og Wenche. Dei kan svare på det meste og kan hjelpe med skoleskyss, med å fylle ut skjema og mykje anna.

Lene Torsvik

førstekonsulent
Lene.Torsvik.jpg

Wenche Narum

førstekonsulent
Wenche Narum ny.jpg

Dette synest vi er viktig

Målet vårt er at alle skal få opplæring av god kvalitet på Slåtthaug vgs., anten dei er på veg mot læretida i eit yrkesfag, siktar mot studiekompetanse eller har eit anna mål.
Vi ønsker at kvar og ein av elevane våre skal ha ei god og trygg tid på skulen, at dei skal få kjenne at dei utviklar seg - fagleg og personleg. 

Presentasjonsfilm

Når vi skal presentere skulen, viser vi gjerne denne vesle filmen:

Dei tilsette

Vi som jobbar på Slåtthaug vgs. er ei stor og samansett gruppe. Reinhalderar, lærarar, miljøarbeidarar og driftsansvarlege - for å nemne nokre - alle står på kvar einaste dag for elevane våre.

Tilgjenge for alle

Vi ønsker at alle skal komme greitt til i lokala våre. På nettsida til Bygg for alle kan du lese om korleis skulen er tilpassa brukarar med ulike behov.
Les kva Bygg for alle skriv om A-bygget
Les kva Bygg for alle skriv om B-bygget
Les kva Bygg for alle skriv om C-bygget
Les kva Bygg for alle skriv om D-bygget