Hopp til hovedinnhold

Teknologi- og industrifag

Kopi av DSC01659.jpg

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Ønsker du å arbeide med teknikk og mekanikk?

Er du interessert i framtidas teknologi? Då bør du velje teknologi- og industrifag på Slåtthaug vgs!

  • Du får ein spennande jobb innan industrien på land eller offshore.
  • Du får vere med å bygge ny industri i det grøne skiftet.
  • Oppgåvene dine kan vere å få apparat, maskinar og utstyr til å fungere.
  • Her får du jobbe med data og elektronikk.
  • Kvardagen din vil bestå av mykje praktisk arbeid.

Vg 1 teknologi- og industrifag (TIP01-03)

Vg 1 teknologi og industrifag fører fram til over 90 ulike yrke innan teknisk industri, skipsindustri, teknoindustri, bilindustri, kjemisk prosessindustri og i oljebransjen.

I løpet av året får du får ein introduksjon til dei viktigaste arbeidsmetodane innanfor fagområdet. Du lærer å teikne, sveise og får opplæring i å bruke maskinar som fres, dreiebenk og CNC-maskin.

Helse, miljø og tryggleik står sentralt i desse yrka. Det å arbeide etter prosedyrar og teikningar, med registrering og dokumentasjon, er svært viktig.

Vg2 bilskade, lakk og karosseri (BLK02‑03)

Vi held til i trivelege og nyoppussa lokale. Verkstaden er godt utstyrt med blant anna lakkboks, jiggar og løftebukkar.

Skuleåret gir grunnutdanninga i bilskadefaget, billakkerarfaget, bilpleiefaget, chassispåbyggarfaget og reservedelsfaget. Vi legg stor vekt på praktisk arbeid og praktiske ferdigheiter i denne utdanninga. 

I fordjupingsfaget YFF får du ein eller fleire praksisperiodar på ein karosseri-, lakk- eller påbyggarverkstad. Skulen har tett samarbeid med verkstader i heile fylket, og det er god tilgang på læreplassar i faga. I vårhalvåret jobbar vi spesielt med læreplanmåla frå vg3 billakkerarfaget, bilpleiefaget og chassispåbyggarfaget, det vil seie den teoretiske delen av fagprøva i desse faga. 

Vg2 industriteknologi (PIN02‑03) 

Vg2 industriteknologi på Slåtthaug vgs. har nyoppussa lokale og oppdatert utstyr. 

Opplæringa vil gi deg brei kompetanse som gjer deg godt rusta på vegen mot fagbrev.
Vg2 industriteknologi er prega av den teknologiske utviklinga, med aukande grad av automatisering og datastyring av arbeidsprosessar. Å utvikle fagleg innsikt, praktiske ferdigheiter, nøyaktigheit og ordens- og sikkerheitsforståing er sentralt i faget.

I løpet av skuleåret får du praksis i bedrift i to periodar på 14 dagar, som ein del av fordjupingsfaget YFF. Dette gir deg gode moglegheiter til å knyte kontaktar, som kan resultere i læreplass. Det er stor etterspørsel etter lærlingar i bransjen for tida.

Etter vg2 industriteknologi er det mogleg å velje mellom 28 ulike yrkesfag.

Vg2 køyretøy (KJT02‑03)

Opplæringa på vg2 kjøretøy skjer i moderne og godt utstyrte verkstader. Den rettar seg inn mot behova i bransjen, inkludert elbil-segmentet.

Utdanninga omfattar motor, motorstyring, bilelektro, drivverk, bremser, understell, fjøring og hjulutrusting, karosseri, ramme og plastutrusting, bransjelære og kundebehandling.

Skulen vår har svært god kontakt med bedrifter. I fordjupingsfaget YFF legg vi til rette for at du får praksis i bedrift i to periodar på 14 dagar. Det gir deg gode moglegheiter til å knyte kontaktar, som seinare kan hjelpe deg med å skaffe læreplass. Det er også bra tilgang på læreplassar i faga. 

Etter vg2 kan du spesialisere deg mot lette køyretøy, tunge køyretøy, motormekanikarfaget, hjulutrustingsfaget, motorsykkelfaget og reservedelsfaget.

Vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk (KVV02‑01)

Dette vg2-tilbodet kan du velje viss du har fullført vg1 elektrofag eller vg1 teknologi- og industrifag.

Du får kompetanse i gode løysingar for inneklima, folkehelse, energieffektive installasjonar og prosesskjøling. Gjennom programfaga bygger du systemforståing og blir i stand til å gjere gode val av ventilasjons-, varmepumpe- og kuldeløsninger.

Som kvalifisert fagarbeidar kan du bygge, drifte og vidareutvikle ventilasjons-, varmepumpe- og kuldeanlegg som dekkar behova i samfunnet vårt.

Vegen vidare

Etter vg2 kan du søke læreplass i mange ulike fag. Vg2 bilskade, lakk og karosseri gir fem fagval når du er ferdig. Etter vg2 industriteknologi har du moglegheit til å velje mellom 28(!) lærefag, etter vg2 køyretøy kan du velje mellom seks ulike fag, og etter vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk har du to alternativ. Læretida er på to år.
Sjå meir om alternativa på vilbli.no

Les meir om å bli lærling

Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fag- eller sveinebrevet er du kvalifisert til å søke påbygging til generell studiekompetanse, fagskuleutdanning eller høgskole gjennom Y-vegen. Innan ein del av bilfaga kan du dessutan ta mesterutdanning.