Elektro og datateknologi

Elenergi 2022

Elektro og datateknologi er ei yrkesfagleg utdanning der du mellom anna lærer om installasjon og vedlikehald av elektriske og elektroniske system. Du går 2-3 år på skule før du kan søkje læreplass. Du kan ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Har du anlegg for praktisk arbeid?

Er du nysgjerrig på elektrisk utstyr, elektroniske system og data? Då bør du velje elektro og datateknologi på Slåtthaug vgs!

  • Her kan du jobbe med teknologi og energi.
  • Du får lære om installasjon og elektrisitetsforsyning.
  • På elektro får du lære om automatisering, datateknologi, elenergi og styresystem.
  • Du lærer deg å tenke logisk og får løyse praktiske oppgåver.
  • Du blir ein mester i å yte god service, jobbe sjølvstendig og i team. 

Vg1 elektro og datateknologi (ELE01‑03)

Elektrofag er utdanninga for deg som vil jobbe med elektriske installasjonar, automatisering eller data- og elektronikk.
Utdanninga krev at du er nøyaktig og systematisk. Du bør også ha evne til logisk tenking og anlegg for praktisk arbeid.

Kvar klasse har sin eigen verkstad der programfaga, både praktisk og teoretisk, går føre seg.

Undervisninga på vg1 elektro og datateknologi er lagt opp som eit samspel mellom praktiske installasjonsoppgåver og relevant elektroteori. Du lærer grunnleggande bruk av verktøy og instrument og å tolke teikningar.
Matematikk er også eit viktig verktøy for å forstå samanhengane mellom dei elektriske størrelsane.

1ELB undersøker ein drifter

Samarbeidsprosjekt med UIB

Meteorologisk institutt planlegg nå å bygge fleire såkalla driftere blant anna i samarbeid med Slåtthaug vgs. i Bergen. Elevane får nyttig praksis og forskarane får bygd fleire driftere.

– Forhåpentlegvis får elevane innsikt i nytta av forsking og gode observasjonar. Vi trur det er motiverande for dei å bidra til reelle prosjekt, sier ein av forskarane, Gaute Hope.

Vg2 automatisering (AUT02-03)

Du kan søke vg2 automatisering etter vg1 elektro og datateknologi eller etter vg1 teknologi- og industrifag.
Etter vg2-året har du mange alternativ og kan sikte mot fagbrev og jobb innanfor både prosessindustri, mekanisk industri og i bedrifter som bygger, reparerer og vedlikeheld automatiske prosessystem og maskinar.

Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske koplingsoppgåver og relevant teori. Vi monterer styre- og reguleringstekniske anlegg og skaffar oss inngåande kunnskap om desse.

I fordjupingsfaget YFF får du praksis i bedrift, to veker om hausten og to veker om våren.

Med eksamen frå vg2 automatisering kan du søke vidare til vg3 automatiseringsfaget, eller du kan  søke læreplass innan blant anna fjernstyrte undervassoperasjonar (ROV) og tavlemontørfaget. Sjå meir under Vegen vidare nedanfor.

Vg2 elenergi og ekom (ELE02-03)

Programområdet Vg2 elenergi og ekom opnar vegen til ti ulike fagbrev, alt frå elektrikar til heismontør.

Undervisninga er lagt opp som eit samspel mellom praktiske installasjonsoppgåver og relevant elektroteori.

I fordjupingsfaget YFF får du praksis i bedrift, to veker om hausten og to veker om våren. Det gir deg ei fin moglegheit til å prøve ut fagområdet og dessutan ein glimrande sjanse til å vise deg fram. Vi har opplevd at engasjerte elevar kan få tilbod om læreplass i løpet av utplasseringstida.

Vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk (KVV02‑01)

Dette vg2-tilbodet kan du velje viss du har fullført vg1 elektrofag eller vg1 teknologi- og industrifag.

Du får kompetanse i gode løysingar for inneklima, folkehelse, energieffektive installasjonar og prosesskjøling. Gjennom programfaga bygger du systemforståing og blir i stand til å gjere gode val av ventilasjons-, varmepumpe- og kuldeløysingar.

Som kvalifisert fagarbeidar kan du bygge, drifte og vidareutvikle ventilasjons-, varmepumpe- og  kuldeanlegg som dekker behova i samfunnet vårt.

Vg3 automatiseringsfaget (AUT03-04)

Automasjonsbransjen ønsker eit treårig løp frå vidaregåande skule, og årsaka er at bransjen vil ha meir djupne og breidde i teori og praksis før du begynner i bedrift.

Equinor seier dette om automatiseringsfaget:
«Passer for deg som er tålmodig, nøyaktig og ryddig i arbeidet. Takler uforutsette hendelser og løser problemer. Arbeidet krever også stor grad av oppfinnsomhet»

Hos oss gjennomfører du året med mellom anna moderne PC-baserte Siemens PLS-ar kopla opp mot ulike styrings- og reguleringsmodellar. Du får ei rekke sjølvstendige arbeidsoppgåver. Kva du treng for å kunne løyse oppgåva, må du finne ut av sjølv eller saman med andre. 

Skuleåret på vg3 blir godskrive som tolv månader læretid, og eksamen på vg3 er den teoretiske delen av fagprøva. Lærlingskole er dermed ikkje nødvendig. Etter vg3 har du 18 månader igjen av læretida før du avlegg den praktiske delen av fagprøva.

Vegen vidare

Etter vg2 automatisering kan du gå vidare på vg3 automatiseringsfaget og deretter søke læreplass (1,5 år). Du har også fire andre fag å velje mellom, der du kan søke læreplass rett frå vg2.
Etter vg2 elenergi og ekom kan du søke læreplass i ti ulike fag. Du kan også gå vidare på vg3 maritim elektrikarfaget og så søke læreplass.
Etter vg2 kulde-, varmepumpe- og ventilasjonsteknikk har du to lærefag å velje mellom.
Utanom i automatiseringsfaget er læretida i dei ulike faga på to eller to og eit halvt år.
Sjå meir om alternativa på vilbli.no

Les meir om å bli lærling

Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fag- eller sveinebrevet er du kvalifisert til å søke påbygging til generell studiekompetanse, fagskuleutdanning eller høgskole gjennom Y-vegen.