Hopp til hovedinnhold

Råd og utval

Vi er opptatte av at elevane skal kunne påverke skulekvardagen og skulemiljøet. Her er nokre eksempel på dei kanalane elevane kan bruke for å fremme sine saker.

Elevrådet

Elevrådet har representantar frå alle klassane, og er leia av eit styre.
Elevrådet er involvert i ulike miljøskapande aktivitetar gjennom skuleåret, og styret har faste møte med rektor.
Elevrådskontakten frå elevtenesta er bindeleddet mellom elevrådet og leiinga på skulen, og hjelper til med praktiske ting.
Kvart år, om hausten, arrangerer vi ein halv dags konferanse for elevrådet, for at dei skal få ein god start. 

Les meir om elevrådet

Kantinerådet

Kantina vår er drifta av Midtun Vekst AS. Ein gong i året har vi møte i kantinerådet. Der møter dagleg leiar i Midtun Vekst AS, kantineleiaren, rektor, elevrådskontakten og representantar frå elevrådet. Kantinerådet diskuterer saker som tilbod og utval, prisar og liknande. I kantinerådet får elevane informasjon om kantinedrifta, og kantineleiar får innspel frå elevane.

Skulemiljøutvalet

Alle skular skal ha eit skulemiljøutval. Utvalet skal sørge for at elevane kan delta aktivt i arbeidet med skulemiljøet. Skulemiljøutvalet skal ha informasjon om, og har rett til å uttale seg i, alle saker som gjeld skulemiljøet. Dei drøftar til dømes elevundersøkinga og andre saker. Elevane er i fleirtal i utvalet, og dei har støtte av ein kontaktperson frå elevtenesta. Ein representant for dei tilsette er også med, i tillegg til rektor. Skulemiljøutvalet har møte omtrent fire gonger i året og er involvert i ulike miljøskapande aktivitetar gjennom skuleåret.