Er du praktisk anlagt og har godt handelag kan dette vere faget for deg. Du går 1-2 år på skule før du begynner som lærling i ei bedrift. Du kan i tillegg ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.
Er du kreativ og liker å bruke hendene?
Då bør du velje bygg- og anleggsteknikk på Slåtthaug vgs!
- Her får du jobbe praktisk og bruke hendene dine til å skape varige verdiar.
- Du får mange gode moglegheiter innan val av yrke.
- Etter vg2 hos oss kan du ta sveinebrev som tømrar.
- Du vil vere etterspurd som lærling og fagarbeidar i bygg- og anleggsbransjen.
- Du blir ein mester i å yte god service, jobbe sjølvstendig og i team.