Hopp til hovedinnhold

Samarbeid skule-heim

Godt samarbeid mellom skule og heim er eit vesentleg bidrag til læringsmiljøet. Vi forsøker å legge best mogleg til rette for slikt samarbeid.

Regelmessige treffpunkt

Foreldre sine forventningar til skuleprestasjonane og interesse for skulearbeidet har sterk betydning for elevane sin motivasjon og innsats. Derfor er det viktig at skulen og heimen kommuniserer godt, slik at vi saman kan gi god støtte til elevane.

Skulen skal halde kontakt med foreldra til ikkje myndige elevar gjennom heile opplæringsåret, og på Slåtthaug har vi fleire faste treffpunkt.

Startsamtale

Kvar enkelt elev og foreldra blir kalla inn til startsamtale så snart skuleåret er i gong. Slik kan vi opprette god kontakt og utveksle informasjon, heilt frå start. Vi er opptatt av å få vite tidleg om det er noko som har betydning for skolegangen eller krev tilrettelegging.

Foreldremøte

I starten av opplæringsåret på vg1 og vg2 har vi foreldremøte der foreldra får informasjon om skulen, innhaldet i opplæringa, korleis dei kan medverke, rutinar og anna som er relevant. Møtet er todelt med ei felles informasjonsøkt med skuleleiinga og deretter klassevis samling med kontaktlærar.

Foreldreettermiddag

Elev og foreldre blir kalla inn til samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider i det daglege, om kompetansen i dei ulike faga, om sosial utvikling og anna. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skulen og foreldra kan samarbeide for å legge til rette for læringa og utviklinga til eleven. Desse samtalane har vi to gonger i året.

Støtt opp om skulearbeidet

Vi veit at overgangen frå ungdomsskulen til vidaregåande er spennande og utfordrande. Ein god relasjon mellom skule og heim skapar trygge rammer for elevane våre, så vi ønsker at foreldra støttar aktivt opp om skulearbeidet. Spør om kva dei jobbar med i faga, ver interessert og gi støtte. Og ta kontakt med oss om det er noko!