Hopp til hovedinnhold

Biblioteket

Bokhylle i biblioteket på Slåtthaug vgs.

Skulebiblioteket vårt er ein viktig del av Læringssenteret i C-bygget.

Kva finn du i biblioteket?

Biblioteket tilbyr fag- og skjønnlitteratur, teikneseriar, aviser og tidsskrift, leksikon og oppslagsverk, DVD-ar og lydbøker. Vi har også gode, skjerma arbeidsplassar der du kan jobbe i fred og ro eller samarbeide med andre.

På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøkene du treng, hjelp til søking på internett og tips om fleire gode nettstader å leite på.
Er du på leit etter ei spesiell bok og lurer på om vi har den – gå til websøket.

Du kan også:

NB! Viss du manglar pin-kode, kontakt bibliotekansvarleg.

Opningstider

Det er elevtenesta som står for bemanninga av biblioteket. Kva tider biblioteket er bemanna, kan variere litt frå veke til veke.

Her er opningstidene som gjeld no:

Måndag klokka 08.00–11.45 og 14.25–15.10 
Tysdag klokka 09.45–15.10
Onsdag klokka 08.00–09.30 og 11.15–14.20
Torsdag klokka 09.45–11.45 og 13.35–15.10
Fredag klokka 08.00–11.45

Bibliotekansvarleg

Har du spørsmål eller treng hjelp utanom opningstidene, kan du ta kontakt med bibliotekansvarleg Renate.

Telefonnummeret til biblioteket er
55 14 04 32.

Renate Morvik Vikingstad

bibliotekansvarlig | miljøfagarbeidar
Renate M. Vikingstad

Låneavtale

Alle som skal låne lærebøker og anna materiale på skulane i Vestland, må signere ein låneavtale.

Her kan du lese sjølve avtaleteksten i låneavtalen (.pdf)

Avtalen signerer du digitalt (følg lenka nedanfor). Er du under 18, må også dine føresette signere.

Signer lånekontrakten for elevar i vgs

Hugs kvittering!

Last ned kvitteringa du får når du signerer avtalen. Den du ha med deg når du skal hente bøkene.