Hopp til hovedinnhold

Minoritetsrådgivar

Er du elev og synest det er utfordrande å leve med fleire kulturar? Vil du ein ting og familien din noko anna? Lever du eit dobbeltliv?

Minoritetsrådgivarane jobbar for at unge menneske skal ha moglegheit til å bestemme over eigne liv.
Minoritetsrådgivarane har teieplikt og kan gje deg råd, samtalar og praktisk hjelp. 
Les meir om arbeidet til IMDi sine minoritetsrådgivarar 

Ta kontakt

Ane er minoritetsrådgivar og har kontor i andre etasje på C-bygget – rett vis-a-vis helsesjukepleiarane. 
Ho er her på skulen måndag, onsdag og torsdag.

Velkommen innom!

Ane Elisabeth Markestad

minoritetsrådgivar
Bilde.jpg