Elevrådet er ei engasjert gruppe elevar som arbeider for at Slåtthaug vgs. skal vere ein bra skule å gå på.
Medlemmene i elevrådet jobbar gjennom heile skuleåret for godt miljø, trivsel og betre læringsvilkår. Blant anna har styret faste møte med rektor.
For at dei skal få ein god start, arrangerer skulen kvar haust ein halv dags konferanse for elevrådet, med temaet Kva er ein god skule?
Aktuelle saker i elevrådet
Elevrådet tek opp saker på vegner av alle elevane, på mange ulike område.
Nokre eksempel på tema elevrådet jobbar/har jobba med dei siste åra:
- å finne gode løysingar for å betre inneklimaet
- å få laga vår eigen skulegenser
- å få fleire sunne alternativ på menyen i kantina, som salat og smoothie
- å skaffe fleire sittegrupper ute mellom bygga for å skape trivsel
- å få gratis bind og tampongar på jentetoaletta
- trivselstiltak til jul, påske og sommar
- deltaking på viktige møte i Elevorganisasjonen, som Bergenstreffet og Elevtinget
Samansetting
Elevrådet på skulen består av alle dei tillitsvalde, ein frå kvar klasse.
Av dei blir åtte representantar valde til elevrådsstyret, inkludert leiar og nestleiar.
Alle utanom leiaren byter på å vere sekretær.
Elevrådsstyret for skuleåret 2026-27
Michael Wolter, 1BAd
Victoria Noor Aasen, 2BUAa
Erik Tobias Holmesland, 2ELEa
Kimberly Rose Estado Helle, 2HEAa
Lukas Follesø Bølstad, 2PINc
Oscar Andrè Nordsti, 2TMFb
Sajeda Abdulmunem Mohamed Temsah, 4PBYA
Vilde Mari Stene Grønsberg Bergslien, 4PBYB
Victoria er leiar og Erik Tobias er nestleiar.
