Skulefrukost

Elevar rundt frukostbordet, saman med vertskapet frå elevtenesta.

Tysdagar, onsdagar og torsdagar diskar elevtenesta opp med enkel, men god frukostmat i kantina på C-bygget.

Tid: Frå klokka 07.15 til klokka 07.50.

Kom innom for å få ein matbit, eller berre for å slå av ein prat med dei andre som er der, så får du ein ekstra god start på skuledagen.