Hopp til hovedinnhold

Helse- og oppvekstfag

Fire HO-elevar iført eigenproduserte karnevalsmasker

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Ønsker du ein meningsfull arbeidsdag der du jobbar med menneske? 

Då bør du velje helse- og oppvekstfag på Slåtthaug vgs!

  • Du er nytenkande og kreativ.
  • Du har vilje til samarbeid, er fleksibel og jobber sjølvstendig.
  • Positiv og inkluderande atferd er viktige eigenskapar hos deg.
  • Hovudet, hjartet og dei gode hendene dine, er med i arbeidet ditt. 
  • Du er omsorgsfull, ansvarsfull og serviceinnstilt.

Vg1 helse- og oppvekstfag (HSF01‑03)

Det første året er felles for alle som vel helse- og oppvekstfag, og du lærer om ulike yrke du kan utdanne deg til.
Helse- og oppvekstfaga gir kunnskap om helsefremmande arbeid, livsstilssjukdommar, arbeidsmiljø og kommunikasjon med menneske i alle livsfasar og situasjonar.

I fordjupingsfaget YFF får du prøve ut ulike yrke innan utdanningsprogrammet. Faget vil hjelpe deg til å velje kva retning du skal gå neste år. Vi har mange samarbeidspartnarar, og hos oss får du fire veker praksis i bedrift i løpet av året. 

I tillegg til programfaga, vil du ha engelsk, kroppsøving, naturfag og matematikk som fellesfag.

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag (BUA02-03)

Som barne- og ungdomsarbeidar får du ein aktiv og meiningsfylt jobb. På vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag lærer du mellom anna å legge til rette for og gjennomføre pedagogiske tilbod for barn i alderen 0–18 år. Du utviklar evnene dine til kommunikasjon og samhandling. Vidare lærer du å fremme fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.

Sjå filmen om dei tre bukkane Bruse, laga av tre elevar i 2BUAA

Som barne- og ungdomsarbeidar kan du blant anna få arbeid i barnehagar, barneparkar, skular, skulefritidsordningar, klubbar og kommunale etatar.

Høyr kva elevar og lærarar seier om vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag, og sjå glimt frå skulekvardagen, i videoen nedanfor.


Vg2 helsearbeidarfag (HEA02-04)

Som helsefagarbeidar jobbar du i nær kontakt med menneske. Oppgåvene dine vil mellom anna vere å drive miljøarbeid og å gi omsorg og praktisk pleie til menneske som treng det. Du utviklar empati og evna til samspel med menneske som har ulike hjelpebehov.

Helsefagarbeidaren arbeider i spesialisthelsetenesta, i psykisk helsevern på alle nivå og i institusjonar og varierte omsorgs- og behandlingstilbod i både kommunal og privat sektor. 

I videoen nedanfor får du vite meir om vg2 helsearbeidarfag, rett frå dei som driv med det til dagleg.

Vegen vidare

Etter vg2 barne- og ungdomsarbeidar kan du søke læreplass i barne- og ungdomsarbeidarfaget, etter vg2 helsearbeidarfag kan du velje mellom helsearbeidarfaget og portørfaget. Læretida er på to år.
Sjå meir om alternativa på vilbli.no

Les meir om å bli lærling

Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse (før eller etter læretida) for å kunne studere vidare på høgskule/universitet.

Etter fagbrev er du kvalifisert til å søke påbygging til generell studiekompetanse eller fagskuleutdanning.