Hopp til hovedinnhold

Påbygging til generell studiekompetanse

Elevar FF og PC.jpg

Har du gått på yrkesfag og ønskjer å ta høgare utdanning? Då kan du ta påbygging til generell studiekompetanse. Du kan søkje både før og etter læretida. Utdanninga fører fram til generell studiekompetanse.

Vil du bli med i eit allsidig og framtidsretta miljø med fokus på fag?

Da bør du velje påbygging på Slåtthaug vgs!

  • Du får bygge vidare på og utvide kompetansen du har skaffa deg gjennom fagutdanninga.
  • Du opnar dørene til ei lang rekke studium i inn- og utland.
  • Her får du lov til å stille kritiske spørsmål og vurdere relevante kjelder.
  • Dine interesser for kultur og samfunnsforhold blir stimulerte.
  • Sjølvdisiplin og struktur i arbeidet ditt kjem godt med her.

Vg3 og vg4 påbygging til generell studiekompetanse

Enten du vel å ta påbyggingsåret rett etter vg2 eller etter å ha avlagt fag-/sveineprøve, så får du eit krevjande, men givande år. Året bygger vidare på fag du kjenner frå tidligare, men inneheld også noko nytt: historie og programfaget sosiologi og sosialantropologi (frå studiespesialisering).

Tar du påbyggingsåret etter å ha avlagt fag-/sveineprøve (vg4), treng du ikkje å ha kroppsøving eller programfag. Derfor er veketimetalet på vg4 berre 23, mot 30 på vg3.

Når du har fullført året, har du vore gjennom dei same fellesfaga som elevane på studiespesialisering. Du får generell studiekompetanse og er dermed kvalifisert for opptak til høgare utdanning.

Les meir om påbygging til generell studiekompetanse på vilbli.no

Vegen vidare

Etter påbygging til generell studiekompetanse opnar det seg eit utal av studiemoglegheiter. Det er lurt å bruke god tid på å orientere seg om dei ulike tilboda. Vi har dyktige rådgivarar som er klare til å hjelpe deg på vegen, både gjennom felles studieorientering og i samtale på tomannshand. I løpet av året får du også tilbod om å delta på fleire utdanningsmesser.

Ver merksam på at ein del studium har opptakskrav i tillegg til generell studiekompetanse.

Sjå lenkene nedanfor for meir informasjon.
Samordna opptak
Utdanning.no