Hopp til hovedinnhold

1ELb på riggbesøk

1ELb, saman med kontaktlærar Severin,  har stilt seg pent opp på helikopterdekket til riggen Deepsea Mira på Hanøytangen. Verneutstyret er sjølvsagt på plass.

Då klasse 1ELb fekk tilbod om å besøke boreriggen Deepsea Mira, var det ikkje tvil om at dei skulle takke ja til invitasjonen. Tysdag var dei på om bord.

Det er Odfjell Drilling som opererer Deepsea Mira, som for tida ligg på Hanøytangen.

Då gjestene kom fram dit, blei dei møtte av plattformsjefen, som ønskte velkommen. Resten av dagen var det Steinar Holst, Steffen Bjerkeland og Jostein Fauske frå Odfjell Drilling som sørga for at elevane blei tekne godt vare på.

Klassen fekk informasjon om riggen og korleis den opererer og, ikkje minst, ei fantastisk omvising på heile riggen. Bevertninga om bord var det heller ingenting å seie på!

Elevar og lærar takkar for ein fantastisk dag.