Hopp til hovedinnhold

Besøk på Deepsea Stavanger

Elevar og kontaktlærar frå 1ELb i kjeledress og korrekt verneutstyr

Fredagen før påske var klasse 1ELb og kontaktlærar Severin inviterte på omvising på riggen Deepsea Stavanger.

Riggen, som er eigd av Odfjell Drilling, var inne til ein stor revisjon og låg i tørrdokken på Hanøytangen.

Severin skriv:
- Vi fekk ei fin og grundig omvising og fekk høyre om korleis det er å jobbe om bord, om oppgåver og om fokuset på kvalitet i alle ledd. Viktigheita av HMT blei understreka.
Vi besøkte blant anna boredekket og brua og fekk grundig informasjon om kraftproduksjonen om bord og forskjellige spenningssystem. God læring!

Elevar og lærar på rekke med ein gigantisk borerigg i bakgrunnen.