Hopp til hovedinnhold

Korleis blir Slåtthaug vgs. best mogleg?

Elev- og lærlingombodet i Vlfk viser ein presentasjon om arbeidet sitt foran eit rom fullt av klassetillitsvalde og eit utval av tilsette.

Det årlege elevseminaret er eit av dei viktigaste arrangementa for elevdemokratiet på Slåtthaug vgs.

Elevrådsrepresentantar, leiing, rådgivarar og miljøterapeutar - i går var heile gjengen samla på Quality Hotel Edvard Grieg for det årvisse elevseminaret vårt.

I løpet av ein hektisk og innhaldsrik dag, rakk dei å jobbe med mange viktige tema. Blant dei alltid aktuelle spørsmåla:

  • Korleis gjere Slåtthaug vgs. til den beste skulen?
  • Korleis skal elevrådet arbeide for å fungere best mogleg?

Gjester utanfrå var det også, både Elevorganisasjonen og elev‐ og lærlingombodet i Vlfk var på plass for å fortelle om arbeidet sitt.