Hopp til hovedinnhold

Sei di meining i Elevundersøkinga!

Bildet viser ei liste med svaralternativ, frå "heilt einig" til "heilt ueinig". "Verken - eller" er haka av.

Kvart år er elevane på alle skulane i landet med på Elevundersøkinga. Der får dei høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen sin.

Her på Slåtthaug vgs. skal vi gjennomføre Elevundersøkinga i veke 48 og 49.

Det er frivillig å vere med, men vi oppmodar alle til å delta. Då får vi eit best mogleg bilde av korleis elevane har det her på skulen.
Elevundersøkinga er anonym.

Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skulen, skuleeigaren (Vestland fylkeskommune) og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skule‐ og læringsmiljøet til elevane.

Les meir om Elevundersøkinga i informasjonsskrivet nedanfor:

Informasjon til foreldre på arabisk
Informasjon til foreldre på bokmål
Informasjon til foreldre på dari
Informasjon til foreldre på engelsk
Informasjon til foreldre på nordsamisk
Informasjon til foreldre på nynorsk
Informasjon til foreldre på tigrinja