Hopp til hovedinnhold

Sei meininga di i Elevundersøkinga!

Bildet viser ei liste med svaralternativ, frå "heilt einig" til "heilt ueinig". "Verken - eller" er haka av.

I år gjennomfører vi undersøkinga i veke 47 og 48.

Kvart år er elevar på alle skulane i landet med på Elevundersøkinga. Der får dei høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen sin.

Det er frivillig å vere med, men vi oppmodar alle til å delta. Då får vi eit best mogleg bilde av korleis elevane har det her på skulen.
Elevundersøkinga er anonym.

Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skulen, skuleeigaren (Vestland fylkeskommune) og dei statlege utdanningsmyndigheitene for å analysere og utvikle skule‐ og læringsmiljøet til elevane. Utdanningsdirektoratet publiserer statistikk frå Elevundersøkinga på www.udir.no.

Les meir om Elevundersøkinga i informasjonsskrivet nedanfor:

Informasjon til foreldre på arabisk
Informasjon til foreldre på bokmål
Informasjon til foreldre på dari
Informasjon til foreldre på engelsk
Informasjon til foreldre på nordsamisk
Informasjon til foreldre på nynorsk
Informasjon til foreldre på polsk
Informasjon til foreldre på tigrinja
Informasjon til foreldre på ukrainsk