I haust gjennomfører vi undersøkinga i perioden 14.10-20.11.
Om Elevundersøkinga
Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukte av skulen, fylkeskommunen og staten for å følge opp skulemiljøet og elevane sin trivsel.
Det er frivillig å svare på Elevundersøkinga, og det er også mogleg å hoppe over spørsmål. Undersøkinga er anonym – elevane skriv ikkje namn, og det er ikkje knytt personnummer til svara.
Kva skjer med resultata?
Sidan undersøkinga er anonym, er det vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga. Det er svært strenge reglar for å vise resultat frå undersøkinga til skulen, skuleeigar og de statlege utdanningsmyndigheitene. Resultat skal ikkje publiserast på ein måte som gjer det mogleg å kjenne igjen elevane sine svar.
Utdanningsdirektoratet har ansvaret for at svara i Elevundersøkinga blir lagra og brukte på riktig måte. Svara blir lagra så lenge det er nødvendig, dei kan bli brukte til forsking og statistikk og kan lagrast i arkiv. Statistikk frå undersøkinga er tilgjengeleg på udir.no.
Meir informasjon
På Utdanningsdirektoratet sine nettsider kan du lese meir om formålet med undersøkinga og korleis dei innsamla personopplysningane blir behandla: