Hopp til hovedinnhold

Informasjon om endringar i fråværsreglane

Vestland fylkeskommune har bestemt at noko av det helserelaterte fråværet kan dokumenterast frå første dag, slik at det ikkje tel med på fråværsgrensa i faga.

Avdelingsdirektøren for opplæring og kompetanse har gått gjennom opplæringsforskrifta saman med juridisk seksjon og funne at det er rom for ei anna tolking av fråværsreglane.
Vestland fylkeskommune har derfor bestemt at vi skal godkjenne dokumentasjon frå første dag for noko av det helserelaterte fråværet, slik at det ikkje tel med på fråværsgrensa i faga.

Ordninga får tilbakeverkande kraft og gjeld frå skulestart i august.

Kva slags fråvær gjeld endringane for?

Det er to tilfelle der fråværet kan dokumenterast frå første dag og dermed ikkje gjelde på fråværsgrensa:

1.
Elevar med auka risiko for helsefråvær – kroniske eller langvarige helseproblem – kan dokumentere slikt fråvær frå første time/dag. Det skal då førast som D-fråvær og ikkje telje med på fråværsgrensa.
Elevane må vise dokumentasjon på slik sjukdom/helseproblem.
(NB! Vi godtar ikkje dokumentasjon på fråvær der elevar har vore borte med vanleg forventa sjukdom som sesonginfluensa her.) 

2.
Innkalling til planlagt behandling eller undersøkingar i helsevesenet skal førast som D-fråvær og ikkje telje med på fagfråvær. Det gjeld avtalte timar og konsultasjonar hos lege, tannlege, psykolog, BUP, fysioterapeut, sjukehus og liknande. Kontaktlærar behandlar desse fortløpande som før.

Frist for dokumentasjon

Lever dokumentasjon på fråvær frå tidlegare i haust til skulen (kontaktlærar) så snart som mogleg og seinast innan 19. desember.