Hopp til hovedinnhold

God jul frå alle oss på Slåtthaug vgs.

Vi ønsker alle ei god og fredeleg julehøgtid og bruker anledninga til å vise nokre bilde frå ein av dei tradisjonelle førjulsaktivitetane våre: kåringa av dei beste volleyball-laga på skulen.

Sist skuleår var førjulstida prega av pandemi og nedstenging, så finalane i den årlege volleyballturneringa blei utsette med fleire månadar! Men, i år er vi tilbake i vanleg gjenge.  

Her er nokre glimt frå Fana Arena på måndag:

Bilde over idrettshallen, tatt frå toppen av tribunen på eine langveggen. Det er rigga til med to volleyballbanar og tribunar på begge langsidene. Ein god del folk på tribunane (men langt frå fullt). Volleyball-laga gjer seg klare på banen og, midt i det heile, ventar rektor på å ønske velkommen.
Dei seks jentene på vinnarlaget frå 3PBYc, arm i arm, med gullmedaljar rundt halsen. Abelone, i midten, held vandrepokalen.
Bildet viser ei gruppe elevar og lærarar som sit på tribunen. Ein av elevane held opp ein stor plakat der det står "Dommeren har alltid rett!" med store bokstavar.
Vinnarlaget frå 2TMFa oppstilte til ære for fotografen. Adrian held vandrepokalen, alle seks med gullmedaljar rundt halsen.
Eit augeblikksbilde frå kampen mellom lærarlaget for menn og vinnarane av gutefinalen. Olai frå 2 TMFa servar, ballen er på veg over nettet.
Bildet viser Adrian og Abelone med ei innpakka julegåve som bevis på at dei er kåra til "banens beste".

Mot slutten fekk elevrådsleiaren, Hans Jacob Krüger Claussen, ordet. Han snakka blant anna om elevrådsarbeidet på Slåtthaug. Han minna oss også på å tenke på dei som ikkje er så godt stilte i samfunnet.

Bildet viser Hans Jacob som sjekkar manuset på mobilen mens han snakker til forsamlinga.