Hopp til hovedinnhold

Gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse

Teikning av ein gut med grøn t-skjorte der det venstre ermet er trekt opp. Han har ein bomullsdott festa med eit plaster på overarmen.

Nå kan alle som er elev på Slåtthaug vgs. få gratis vaksine mot hjernehinnebetennelse. NB! Frist for å bestille vaksinen er onsdag 18. februar.

Informasjon om tilbodet

Her kan du lese Bergen kommune sitt informasjonsbrev om tilbodet:

Informasjon til elevar om meningokokkvaksinering 2026

På nettsida til Folkehelseinstituttet (FHI) finn du meir informasjon om meningokokksjukdom og vaksinasjon:

Ungdom anbefales vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse

FHI oppfordrar ungdom mellom 16 og 19 år til å vaksinere seg.

Har du fått vaksinen før?

Nimenrix, vaksinen vi bruker, gir beskyttelse i ti år. Har du tatt den før, treng du ikkje ny vaksine nå.

Er du vg2/vg3-elev, men usikker på om du fekk vaksinen på vg1, kan du sjekke på Helsenorge

NB! Denne vaksinen beskyttar ikkje mot meningokokk B. Sjå nettsidene til FHI (lenke lenger opp på sida).

Slik bestiller du vaksinen

Skriv ut bestillingsskjemaet, fyll ut og lever det i ekspedisjonen ("kontoret") på A-bygget, til elevtenesta eller til ein av helsesjukepleiarane.
Frist: onsdag 18. februar. 

Du kan også hente bestillingsskjemaet i ekspedisjonen, på biblioteket eller hos helsesjukepleiarane.

Gjennomføring

Du vil få nærare informasjon om datoen for vaksinering, men det blir tidligast i veke 11.