Hopp til hovedinnhold

Julevolley, sjølvsagt!

Tribune langs eine veggen i Fana Arena, full av elevar og lærarar.

Tradisjonar er viktig i jula, og volleyballfinalane nest siste skuledagen er eit fast høgdepunkt i førjulstida.

Som vanleg har vi hatt volleyballcup på skulen i haust, og i går var det tid for finalekampar. Først mellom dei beste klasselaga  og deretter mellom elevlag og lærarlag.  

Finalane

Bilde frå jentefinalen. Bildet viser det meste av banen, der spelarane er midt i ei ballveksling. I bakgrunnen ser vi publikum på tribunen.
Bilde frå jentefinalen. Bildet viser det meste av banen, der spelarane er midt i ei ballveksling.

Dei to finalane mellom elevlag gjekk samtidig. Jentefinalen mellom 1HSc og 2BUAa enda med siger (2-0 i sett) til 2BUAa, mens gutane i 2KJTa til slutt vann 2-1 over laget frå 2AUTa.

Augeblinksbilde frå gutefinalen:  To av spelarane i luftig svev på kvar si side av nettet
Bilde frå spelet i gutefinalen. Vi ser begge laga i farten, med dommaren på eit podium ved nettet og publikum på tribunen i bakgrunnen.

Eit entusiastisk publikum kan vere avgjerande

Ei gruppe elevar på tribunen heiar på laget sitt mens dei held opp ein plakat med slagord
Fire personar frå publikum. Ei held ein plakat: "2KJTa Vi elsker dere". Ei anna lener hovudet mot skuldra til sidemannen.
Nokre lærarar og elevar på tribunen. Lærarane løftar armane over hovudet i begeistring (på ordre frå fotografen...)

Kommentatorar

Eit skikkeleg idrettsarrangement må ha kommentatorar: Henrik, Mathias og Didrik frå Vg1 EL og TIF blei fort varme i trøya og gjorde mange treffsikre observasjonar.

Tre gutar (kommentatorane) stikk hovuda saman over mikrofonen, oppe på tribunen.

Premieutdeling

Neste posten på programmet var premieutdeling med medaljar og vandrepokal og meir til. Det blei premier til...

... vinnarlaga

Spelarane på vinnarlaga, stilte opp på rekke, får medalje frå arrangørane (kroppsøvingslærarane Bendik og Sissel)
Laget frå 2BUAa viser fram medaljar og pokal
Laget frå 2KJTa viser fram premiane. Ein av spelarane sit på huk foran, med pokalen høgt heva, mens dei andre fem står rett bak han, tett saman

... og til dei andre finalistane

Nestleiar Leo frå elvrådsstyret deler ut andrepremie til laget frå 1Hsc
Nestleiar Leo frå elvrådsstyret deler ut andrepremie til laget frå 2AUTa

... og til banens beste spelarar

Spelarane som blei kåra til banens beste i dei to finalekampane, viser fram premiane sine.

Den beste heiagjengen (dei frå 2BUAa) fekk også ei påskjønning.

Elevane mot lærarane

Eit glimt frå kampen mellom lærarane og 2BUaAa. Vi ser det meste av banen. Ballen er i lufta, på lærarane si side av banen

Elevlaga "ga alt" i finalekampane sine. Men - vinnarane slapp ikkje så billig unna. Dei måtte også stille opp mot lærarlaga. Det blei jevne og gode kampar, både på kvinne- og mannssida, og begge måtte ha tre sett før vi fekk eit resultat. Og akkurat her braut vi faktisk med tradisjonen. Mot normalt vann dei mannlege lærarane over elevlaget, mens kvinnene måtte gi tapt for 2BUAa. 

Actionbilde frå kampen mellom 2KJTa og lærarlaget: ein frå kvart lag er i svevet på jakt etter ballen, mens dei andre står klare til å reagere

God jul!

Heilt til slutt fekk assisterande rektor Stig ordet. Han brukte sjansen til gi ei kort oppsummering av hausten på Slåtthaug vgs., før han avslutta med å ønske alle ei riktig god jul!

Nærbilde av assisterande rektor Stig Haldorsen med mikrofon i høgre hand og eit bretta ark (manus) i venstre.

(Tekst og foto: Roy Sørskår)