Hopp til hovedinnhold

Trafikktryggleiksdag på Slåtthaug

Trafikktryggleiksdagen er eit førebyggande tiltak for å auke kompetansen rundt åtferd i trafikken. Målet er å gi elevane forståing for farar og konsekvensar og å utvikle gode haldningar i trafikken.

Første gong hos oss

To politibetjentar snakkar til ei gruppe elevar i eit klasserom.

Tysdag var første gongen det blei arrangert ein slik dag hos oss på Slåtthaug vgs. Skulen fekk besøk av politiet, Trygg Trafikk, Statens vegvesen og NAF.

Tre representantar frå NAF avd. Bergen og omegn står oppstilte ved sida av eit NAF-banner.
Nokre av gjestene ute på skuleplassen saman med fleire bilar, blant anna ein stor lastebil

Foredrag og aktivitetar

Ei gruppe av elevane som var med på arrangementet, fint oppstilte utanfor D-bygget. Alle med refleksvest.

Vg1-klassane på bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi og teknologi- og industrifag fekk besøke seks ulike postar gjennom dagen.

Ein personbil montert på eit stativ på ein tilhengar slik at han kan veltast heilt rundt. På bildet er bilen nesten heilt opp ned.

Dei ulike postane omfatta blant anna foredrag om lovverk, konsekvensar og farar. Vidare fekk elevane prøve «promillebriller» for å sjå effekten alkohol har på oss, samt ein «veltepetter» som viser kor viktig setebelte er i ein personbil. Dei fekk også moglegheit til å sjå korleis blindsonene er for ein lastebilsjåfør.

Ein elev med "promillebriller" går langs ei stripe med gul og svart tape.

Pizza til quiz-vinnarane

Renate frå elevtenesta held opp eit ark med quiz-spørsmål.

Den siste posten på programmet var ein quiz i regi av elevtenesta på skulen, og den klassen som fekk flest riktige svar vil vinne ein pizzafest for heile klassen!

Takk til alle besøkande som villig stilte opp for å hjelpe til med å gjennomføre denne dagen.

Gjestene samla rundt lunsjbordet.