Hopp til hovedinnhold

Vennskapeleg oppgjer mellom skulane i Bergen sør

Bildet viser to ungdommar som speler bordtennis.

Torsdag 9. mars blei tidenes første bordtennisturnering for dei fire vidaregåande skulane i Bergen sør arrangert på Nordahl Grieg vgs.

Det blei eit flott arrangement på naboskulen vår. Vi fekk servert eit spennande sluttspel kor Slåtthaug vgs.-elev Teodor Swan-Ekeland frå 1TPc møtte Robin Kendal frå Nordahl Grieg vgs. i finalen på gutesida.

Bildet viser ein konsentrert elev som er i ferd med å serve.

Til slutt var det Robin frå NGV som stakk av med sigeren i finalen, men vi er stolte over å kunne seie at Slåtthaug vgs. har den nestbeste bordtennisspelaren i Bergen sør!

I tillegg til Teodor var Slåtthaug vgs. representert i sluttspelet med Iris Skage frå 3PBYb og Kristoffer Kalvik Davidsen frå 1TPb.

Bildet viser to ungdommar som speler bordtennis

Elevane som ønskte det fekk også prøve seg mot verdsmeister og olympisk meister Tommy Urhaug, og alle fekk ein leksjon i bordtennis…

Bildet viser Tommy Urhaug ved bordtennisbordet,  i det han servar.

Les meir om arrangementet i Fanaposten

(Tekst og bilder: Jan Fredrik Oddekalv)