Hopp til hovedinnhold

Garasjebygging i Sædalen

To av elevane legg takstein.

Store delar av våren har 1BAa bytta ut jobbing i verkstaden på skulen med garasjebygging for ein privat oppdragsgivar.

Elevar og lærar foran portopningen på  garasjen dei har bygd.

Dette må vi kunne kalle ein "vinn-vinn-situasjon". Elevane har fått prøve seg på eit reelt byggeprosjekt, og eigaren har fått ein fin garasje utan andre utgifter enn til material og litt pizza.

Garasjebygging11.jpg

Klassen starta arbeidet i veke 11 med å støype sokkelen, og etter det har dei vore på byggeplassen kvar veke i staden for på verkstaden. 1HTa har også bidrege med fint arbeid innvendig i garasjen.

Fredag 17. juni var siste dagen på byggeplassen. Det blei sjølvsagt markert med pizza etterpå. Kontaktlærar Linda rapporterer at elevane har kost seg med prosjektet.

Nedanfor kan du sjå bilder frå heile prosessen.

Garasjebygging1mod.jpg
Garasjebygging2mod.jpg
Garasjebygging3.jpg
Garasjebygging4.jpg
Garasjebygging5.jpg
Garasjebygging6.jpg
Garasjebygging7.jpg
Garasjebygging8mod.jpg
Garasjebygging10.jpg
Garasjebygging15modi.JPG
Garasjebygging16.JPG
Garasjebygging17.JPG
Garasjebygging18mod.JPG
Elevane spis pizza heime hos kontaktlærar Linda.