Hopp til hovedinnhold

Konsert med Miss Tati

På bildet ser ein nedover dei fullsette benkeradene i Fana kulturhus mot scenen, der Miss Tati og bandet hennar er i full gang med konserten.

Den kulturelle skulesekken inviterte vg1- og vg2-elevane til konsert med Miss Tati i Fana Kulturhus måndag 7. november.

Tatiana Palanca, best kjent som Miss Tati, er ein multikulturell artist innan hiphop, soul, funk og RnB. Det vart ei flott oppleving for elevane våre.