Som ein del av Internasjonal veke på Slåtthaug inviterte FN-sambandet vg4-klassane til eit interessant og engasjerande opplegg om arbeidet til FN og den viktige rolla organisasjonen speler.

I løpet av halvannan time rakk Insaaf Ali Ismail frå bergenskontoret til FN-sambandet både å fortelle om arbeidet i FN og historia til organisasjonen, å setje elevane i sving med diskusjonar og oppgåver rundt berekraftmåla til FN og å oppsummere med ein avsluttande Kahoot!

Stort engasjement og veldig mange riktige svar på Kahoot!, men det var lagt inn eit par feller, også.

