Hopp til hovedinnhold

Vg4 møter FN-sambandet

Insaaf Ali Ismail frå FN-sambandet står ved sida av og peiker på ein stor skjerm. På skjermen ser vi bilde frå eit møte i tryggingsrådet i FN (oversiktsbilde av salen).

Som ein del av Internasjonal veke på Slåtthaug inviterte FN-sambandet vg4-klassane til eit interessant og engasjerande opplegg om arbeidet til FN og den viktige rolla organisasjonen speler.

Eit stort klasserom der elevane diskuterer ivrig i grupper. Dei skal sortere ulike miljøtiltak etter kva som gir størst utsleppsreduksjon.

I løpet av halvannan time rakk Insaaf Ali Ismail frå bergenskontoret til FN-sambandet både å fortelle om arbeidet i FN og historia til organisasjonen, å setje elevane i sving med diskusjonar og oppgåver rundt berekraftmåla til FN og å oppsummere med ein avsluttande Kahoot!

Ei gruppe elevar vende mot ein stor skjerm med ei oversikt over berekraftmåla til FN

Stort engasjement og veldig mange riktige svar på Kahoot!, men det var lagt inn eit par feller, også.

Bilde frå ein Kahoot!, med spørsmål og svaralternativ
Insaaf Ali Ismail står foran siste bildet i presentasjonen: "Spørsmål?"

(Tekst og foto: Roy Sørskår)