På denne sida får du viktig informasjon som gjer skulestarten trygg og god. Ta deg tid til å bli kjent med innhaldet før du startar – vi gleder oss til å sjå deg!
Under finn du praktisk og nyttig informasjon om skulestart ved Slåtthaug vgs. – nokre tips og opplysningar det er lurt å ha oversikt over før første skuledag.
Litt førebuing gjer skulestarten både enklare og tryggare.
Oppmøte
Første skuledag er måndag 17. august 2026.
Hugs å ta med lunsj og skrivesaker/gjerne eigen PC!
Når og kvar du skal møte, avheng av kva trinn og utdanningsprogram du skal starte på:
| Trinn | Tid | Stad |
| vg1 |
09.00 |
A-bygget:
B-bygget:
|
| vg2 |
10.00 |
A-bygget:
B-bygget:
|
|
vg3 og vg4 |
11.00 |
Alle møter i vestibylen på A-bygget. |
Første skuledag møter du kontaktlæraren din, som guider deg og klassen din gjennom heile dagen. På slutten av dagen samlar vi alle elevane på trinnet til ei felles oppstartssamling. Dagen sluttar klokka 13 for vg1 og klokka 14 for vg2, vg3 og vg4.
Du får timeplanen din og ein del annan informasjon på måndag, og allereie frå tysdag er det vanlig timeplan.
NB! Dersom du ikke møter første skuledag, risikerer du å miste skuleplassen.
Gi beskjed til skulen så snart som mogleg, viss du ikkje komme på måndag! Kontaktinfo finn du nedst på nettsida.
Digital lånekontrakt
Alle elevar må signere ein digital lånekontrakt før dei kan låne fysiske bøker og anna materiell.
Lenke til digital lånekontrakt for signering (vlfk.no)
Elev-PC
Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC. Den må du ha klar til skulestart.
Du kan kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune (Vlfk).
Les meir om ordninga på nettsida til Vlfk:
Elev-PC
Siste frist for å bruke tilbodet er 31. desember 2026.
Kantine
Kantina på Slåtthaug blir drive av Midtun Vekst. Dei lagar varmmat, bagettar, toast og kaldmat. Kantina er bemanna alle skuledagar.
Vi tilbyr også gratis skulefrukost i kantina kvar dag frå klokka 07.20 til 07.50, med unntak av måndagar – då er det sein skulestart for alle elevane.
Samtykke til fotografering
Gjennom året tar vi bilde av aktivitetane til elevane på skulen. For at vi skal kunne publisere desse i kanalane til skulen, må elevane ha gitt samtykket sitt. Vi ber om at du signerer samtykkeskjemaet nedanfor, før første skuledag.
Samtykke til bruk av bilde (vlfk.no)
Skjemaet blir lagra i skulen sitt digitale arkiv.
Skulerute
Skuleruta for 2026-2027 (slatthaug.vgs.no)
Skuleskyss
Bur du utanfor ungdomsbillettområdet og har meir enn seks kilometer til skulen, kan du ha rett på gratis skuleskyss. Du finn meir informasjon og søknadsskjema her:
Skuleskyss i vidaregåande opplæring (skyss.no)
Har du dokumentert funksjonsnedsetting eller sjukdom, eller treng du båttransport for å komme deg til skulen, kan du også ha rett til skuleskyss.
Utstyrsstipend
Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande skule har rett på utstyrsstipend.
Du kan søke om stipend når du har fått vite kva utdanningsprogram du har komme inn på.
Les meir og søk på lanekassen.no når du har fått skuleplass.
Gjer deg kjent med heimesida og skulen
Både elevar og føresette bør gjere seg kjente med innhaldet på nettsidene vår. Der finst mykje viktig informasjon:
Heimesida til Slåtthaug vgs. (slatthaug.vgs.no)
Sjekk gjerne ut SLA på sosiale medium!
Slåtthaug vgs. på Facebook
Slåtthaug vgs. på Instagram
Møte for føresette
Vi startar alle møta med ei felles informasjonsøkt på rom A150, deretter blir det klassevise møte med kontaktlærarane.
| Trinn | Dato | Tid |
| vg1 | Onsdag 9. september |
Klokka 17.00:
Klokka 18.00:
|
| vg2 | Torsdag 10. september |
Klokka 17.00:
Klokka 18.00:
|
Ta kontakt om du har spørsmål!
Vi gleder oss til eit nytt og lærerikt skuleår i lag!