På denne sida har vi samla viktig informasjon for deg som er elev på Slåtthaug vgs. og skal ha ein eller fleire eksamenar i vår.
Datoar
Kunngjering
28. april klokka 09.00 blir alle eksamenstrekka synlege i InSchool.
Då kan du sjå kva eksamenar du skal ha. Det gjeld både skriftleg, munnleg/munnleg-praktisk og tverrfagleg praktisk eksamen.
Eksamensdatoar
Dato for dei ulike eksamenane finn du i kalenderen: Kva skjer?
Skriftlege eksamenar kjem mellom 5. mai og 21. mai.
Munnlege/munnleg-praktiske eksamenar er på 9. juni og 12. juni.
Tverrfagleg praktisk eksamen kjem mellom 10. juni og 18. juni.
Etter kunngjeringa 28. april finn du detaljar om dine eksamenar i InSchool.
Søknad om særskilt tilrettelegging på eksamen
Du kan søke om særskild tilrettelegging på eksamen dersom du treng det for å vise kompetansen din ut i frå kompetansemåla i faget.
Det er lurt å snakke med rådgivaren på skulen før du søker. Då kan du også få hjelp til å søke.
Les meir om tilrettelegging på eksamen på nettsidene til Vestland fylkeskommune.
Korleis bli godt forberedt til eksamen?
Det er særs viktig at du forbereder deg før eksamen. Følg lenka nedanfor for å få gode råd:
Tips og råd til eksamensførebuing
Gjennomføring av skriftleg eksamen
Les om korleis dei skriftlege eksamenane føregår
Gjennomføring av ikkje-skriftleg eksamen
Ikkje-skriftleg eksamen kan vere munnleg, munnleg-praktisk eller tverrfagleg praktisk.
Les meir om ikkje-skriftleg eksamen
Hjelpemiddel
Les om hjelpemidla du kan bruke på eksamen
Fråvær og sjukdom
Kva skjer om du ikkje kan møte på grunn av sjukdom eller andre uføresette årsaker?
Juks
Juks eller forsøk på juks på eksamen får store konsekvensar
Eksamensreglementet til Vestland fylkeskommune
Reglement for skriftleg eleveksamen i Vestland (vlfk.no)
Ny, utsett og særskilt eksamen
I nokre tilfelle har du rett på såkalla ny, utsett eller særskilt eksamen
Klage på vurdering
På skriftlege eksamenar kan du klage på karakteren, på andre eksamenar kan du kun klage på formelle feil.