Skulebiblioteket vårt er ein viktig del av Læringssenteret i C-bygget.
Kva finn du i biblioteket?
Biblioteket tilbyr fag- og skjønnlitteratur, teikneseriar, aviser og tidsskrift, leksikon og oppslagsverk, DVD-ar og lydbøker. Vi har også gode, skjerma arbeidsplassar der du kan jobbe i fred og ro eller samarbeide med andre.
På biblioteket kan du få hjelp til å finne bøkene du treng, hjelp til søking på internett og tips om fleire gode nettstader å leite på.
Er du på leit etter ei spesiell bok og lurer på om vi har den – gå til websøket.
Du kan også:
- låne e-bøker frå biblioteka i Vestland
- låne bøker på Fana bibliotek (biblioteket på Nesttun)
NB! Viss du manglar pin-kode, kontakt bibliotekansvarleg.
Opningstider
Det er elevtenesta som står for bemanninga av biblioteket. Kva tider biblioteket er bemanna, kan variere litt frå veke til veke.
Her er opningstidene som gjeld no:
| Måndag | 09.45-15.10 |
| Tysdag | 08.00-11.45 |
| Onsdag | 08.00-14.20 |
| Torsdag | 08.00-08.45 |
| Fredag | 08.00-09.30 og 13.35-15.10 |
Bibliotekansvarleg
Har du spørsmål eller treng hjelp utanom opningstidene, kan du ta kontakt med bibliotekansvarleg Renate.
Telefonnummeret til biblioteket er
55 14 04 32.
Renate Morvik Vikingstad
bibliotekansvarlig | miljøfagarbeidar
Låneavtale
Alle som skal låne lærebøker og anna materiale på skulane i Vestland, må signere ein låneavtale.
Her kan du lese sjølve avtaleteksten i låneavtalen (.pdf)
Avtalen signerer du digitalt (følg lenka nedanfor). Er du under 18, må også dine føresette signere.
Signer lånekontrakten for elevar i vgs
Hugs kvittering!
Last ned kvitteringa du får når du signerer avtalen. Den må du ha med deg når du skal hente bøkene.
