Slåtthaug vgs. nyttar PocketID som digitalt skulebevis på mobiltelefon.
Kva må du gjere?
- Last ned appen PocketID gratis frå App Store eller Google Play.
- Logg inn med Feide-brukaren din.
- Bildet som blir tatt ved skulestart, blir lasta opp til PocketID og brukt på skulebeviset.
- Dersom du ikkje har fått lasta opp bilde frå skulen, kan du legge inn eit bilde sjølv. Biletet må vere i passfotoformat, med tydeleg ansikt og nøytral bakgrunn.
- Ta kontakt med administrasjonen dersom du har problem med innlogging eller dersom skulebeviset ikkje blir vist i appen.
- Det digitale skulebeviset har same funksjon som eit fysisk skulebevis. Du kan bruke det som dokumentasjon på at du er elev ved skulen.
