Hopp til hovedinnhold

Blårøyk og svidd gummi midt på skuleplassen!

Blå røyk frå bakhjula på Davanger Drifting-bilen tåkelegg skuleplassen utanfor verkstadhallane. Publikum følger med på trygg avstand.

Torsdag hadde skulen og vg2 køyretøy besøk frå bilbransjen. Det let seg både høyre og sjå, over heile området.

Gjestene kom frå Jæger Automobil AS på Kokstad, der dei sel Toyota og Lexus og dessutan har bilskadeverkstad. I tillegg stilte Ole Morten Davanger frå Davanger Drifting opp.

Besøket var eit ledd i arbeidet med å rekruttere elevar til læreplassar innan bilfaga. Toyota ønsker med slike arrangement å informere om moglegheitene dei kan gi elevar som går i lære hos dei, kva krav som blir sette til elevane og hva dei kan forvente som lærling.

Men, dei frammøtte fekk meir enn berre nyttig informasjon. Gjestene hadde med seg nokre ganske heftige bilar, som elevane fekk beundre og prøvesitte. Nokre harde fakta blei det òg tid til.

Bilane

Ein av bilane dei hadde med er ein Toyota Yaris GR, ein variant det er produsert veldig få av. Bilen har 260 hk, karbontak, store bremser og ein pris rett over 700 000 kr! 700 000 for en Yaris...

22.11.03 Davanger drifting i aksjon på SLV 2.jpeg

Ole Morten Davanger kjører aktivt, deltek i  NM og Gatebil Drift Series og blei noregsmester i drifting i 2018.
Bilen til Davanger er spesialbygd for drifting. Den går på rein etanol og gir over 1000 hk. Bilen er i utgangspunktet ein Toyota GT86, men han er totalt ombygd. Motoren er frå ein Toyota Supra og er optimalisert etter alle kunstens reglar. Cirka-prisen på dette byggverket er 1,4 milionar kr + uendeleg mange timar med jobbing.

- Så godt som heile skulen dukka opp for å kjenne lukta av brent gummi!, konkluderer miljøterapeut Jan Fredrik.

22.11.03 Fullt hus i verkstadhallen.jpeg