Vestland fylkeskommune slår på to-faktor pålogging for alle elevar. Det gir ekstra sikkerheit for å unngå misbruk av kontoen din og dataene dine.
Kva må du gjere?
Du må aktivere to-faktor for kontoen din i Vestland. Elles får du ikkje tilgang til system som itslearning, Office365/Teams/OneNote og Google Workspace.
To-faktorautentisering blir slått på tysdag 31. mai klokka 12, så det er ein stor fordel om du aktiverer ordninga før det.
Korleis aktiverer du to-faktor pålogging?
Du finn rettleiinga på Skuleportalen. Klikk på denne lenka for å gå til rettleiinga: https://www.hordaland.no/nb-NO/skole/skoleportalen/ikt-tjenester/to-faktor-palogging/ (NB! Lenka er fjerna)