Hopp til hovedinnhold

Kva skjer om du ikkje kan møte til eksamen eller førebuingsdag, eller viss du blir sjuk under eksamen?

Gi beskjed!

Dersom du blir sjuk eller andre uføresette årsaker gjer at du ikkje kan møte til eksamen eller obligatorisk førebuingsdag før eksamen, må du straks ringe til skulen på 55 14 04 00.

Dersom du blir sjuk under eksamen, må du gi beskjed til eksamensvakta, som varslar den som er ansvarleg for eksamen.
Eksamensansvarleg avgjer om det er grunnlag for å avbryte eksamen.

Dokumentasjon ved fråvær

Fråvær på ein obligatorisk førebuingsdag

Du må levere legeattest eller anna dokumentasjon til ekspedisjonen på skulen, så snart som mogleg. Dokumentasjonen må gjelde for denne dagen.
Har du dokumentert fråvær på obligatorisk førebuingsdag, har du også automatisk dokumentert fråvær på eksamensdagen.
Dersom du likevel ønsker å gjennomføre eksamen, har du anledning til det. Då møter du på skulen til oppstartstidspunktet.
Har du udokumentert fråvær på obligatorisk førebuingsdag, må du møte på eksamen.

Fråvær på ein eksamensdag

Du må levere dokumentasjon på fråværet til ekspedisjonen på skulen, så snart som mogleg. Er det snakk om sjukdom, må du levere legeattest som gjeld for eksamensdagen.

Du har rett til utsett eksamen når fråværet er dokumentert. I august vil du få tilbod om oppmelding til ein utsett eksamen.

Føring av fråvær på obligatorisk førebuingsdag og/eller eksamensdag

Fråvær på slike dagar blir ført som del av totalfråværet ditt, men blir ikkje knytta til enkeltfag eller rekna opp mot fråværsgrensa.

Spesielt for tverrfagleg praktisk eksamen på vg2 yrkesfag

Fråvær på ein førebuingsdag før tverrfagleg eksamen på vg2 yrkesfag blir ført på dei felles programfaga som inngår i den tverrfaglege eksamenen. Fråværet blir fordelt mellom faga slik at summen svarer til talet på timar som du skulle ha vore til stades.