Her kan du lese om det som skjer på sjølve eksamensdagen.
Oppmøte
Skriftleg eksamen blir gjennomført på skulen.
Du må møte opp seinast klokka 08.30, eksamen startar presis klokka 09.00.
Frå klokka 08.45 blir det gitt viktig informasjon i eksamenslokalet om den eksamenen du skal ha.
Dersom du møter for seint til eksamen, men før klokka 10.00, får du gjennomføre eksamen. Du får ikkje erstatta den tida du har mista.
Møter du klokka 10.00 eller seinare, får du ikke ta eksamen.
Før du går inn i eksamenslokalet
- Fyll vann på vannflaske
- Hent bøker og notat frå skap
- Lån ordbok og/eller lærebok frå biblioteket, viss du treng det
- Ta ein tur på toalettet
- Finn frem legitimasjon (pass, førarkort, ID-kort)
Når du går inn
Når du kjem inn i eksamenslokalet, finn du pulten med ditt namn og legg fram legitimasjon. Ei av vaktene vil kontrollere dette.
Frå du har komme inn, kan du ikkje forlate eksamenslokalet uten følge av ei eksamensvakt.
Når du har funne plassen din, skal du:
- slå av mobiltelefon, smartklokker og anna kommunikasjonsverktøy heilt og plassere dei slik du får beskjed om
- ta ut mat og drikke frå sekken/veska og sette det på pulten
- legge fram skrivesakene du treng på pulten
- ta ut tillatne hjelpemiddel og legge dei på pulten
- sette sekk/veske på plassen du får beskjed om
- slå på PC-en din og koble den til eksamensnettet
(korleis du gjer det, står på bordlappen på pulten) - gå til nettsida vlfk.no/123 og sjå at du er på rett nettverk
- logge på kandidat.udir.no
(brukarnavn og passord finn du på bordlappen på pulten) - sjekke at hovudtelefonane fungerer, om du skal bruke det
- lese all informasjonen som ligg på pulten din nøye
Under eksamen
Under eksamen er ikkje kommunikasjon tillate. Det gjeld chat, samskriving, kommentering på nettside, å dele lærebok med sidemannen eller andre måtar å dele informasjon.
På eksamen i norsk og andre språkfag er det ikkje tillate å bruke omsettingsprogram. Bruk av KI er ikkje tillate hjelpemiddel på eksamen. Har du slike hjelpemiddel installert på maskinen din, eller bruker du omsettingsprogram under eksamen, blir det sett på som juks eller forsøk på juks!
Dersom du har fått tilrettelegging med bruk av lese- og skrivestøtte kan du bruke dette på eksamen. Du kan få lese opp tekst i oppgåvene ved å bruke den innebygde funksjonen i nettlesaren eller i støtteprogrammet du bruker.
NB! Bruker du Lingdys, må du installere eit tillegg i nettlesaren for at programmet skal fungere i eksamensløysinga. Ta kontakt med IKT-tenesta for å få hjelp om du ikkje får det til sjølv.
Heildigital eksamen
Alle eksamenar blir gjennomførte i nytt heildigitalt gjennomføringssystem, bortsett frå i dei faga som har to-delt eksamen.
Oppgåvene blir tilgjengelege for deg digitalt kl. 09.00 på kandidat.udir.no. Les informasjonssidene godt.
Ved langsvarsoppgåver skal du skrive teksten din i eit skriveprogram (for eksempel Word) og laste opp dokumentet på nettsida. Du vil få ulike typar oppgåver, det kan også være lytteoppgåver der du treng hovudtelefonar.
Før du leverer eksamenssvaret ditt, må du ta kontakt med ei eksamensvakt.
Når du har levert, skal du forlate lokalet stille, hugs at andre kanskje ikkje er ferdige.
To-delt eksamen
Faget matematikk har to-delt eksamen. Fordelinga av tid for del 1 og del 2 er forskjellig på vg1 og vg3/4, sjå informasjon i eksamensrettleiinga for faget. Faglæraren din kan også svare på dette.
Før eksamenstart skal du legge hjelpemiddel for del 2 og PC på golvet.
Du får utlevert oppgåvesettet på papir, les informasjonssida godt.
For del 2 kan du logge på kandidat.udir.no, der finn du oppgåvesettet som ei pdf-fil.
Del 1 av eksamen er uten hjelpemiddel, bortsett frå blå eller svart penn, passar, linjal og vinkelmålar. Det er kun dette du har lov til å ha på pulten, resten må ligge på golvet.
Du kan starte på del 2 når som helst, men du får ikkje bruke hjelpemiddel før tida for del 1 er ute.
Del 1 skal leverast inn når tida for del 1 er ute.
Del 2 av eksamen er med hjelpemiddel, som for heildigital eksamen.
Det går fram av oppgåveteksten korleis du skal svare på og levere oppgåva.
Du må logge på kandidat.udir.no dersom oppgåvesettet krev digital innlevering.
Før du leverer eksamenssvaret ditt, må du ta kontakt med ei eksamensvakt.
Når du har levert, skal du forlate lokalet stille, hugs at andre kanskje ikkje er ferdige.