Hjelpemiddel er alle kilder og verktøy, både fysiske og digitale, du kan nytte deg av for å svare på eksamen. Det kan for eksempel vere eigne notat, bøker, lovlege nettsider eller ordbøker.
Ordbøker
Vestland fylkeskommune har lisens på ordboka Ordnett+. Den må du laste ned offline.
Lexin-ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar, og er ikkje tillate hjelpemiddel på eksamen i vidaregåande skule for ordinære elevar.
Det er viktig at du også låner papirordbok på biblioteket om du ikkje allereie har det.
Ressursar på nett
Oversikt over tillatne nettbaserte hjelpemiddel for skriftleg eksamen i vgo (vlfk.no)
Nettsidene blir drivne av eksterne leverandørar. Derfor kan Vestland fylkeskommune ikkje garantere at nettstadane er tilgjengelege på eksamensdagen.
Nokre ressurser har mange lenker ut som er sperra for bruk under eksamen (f.eks. NDLA). Nettressursen vil fungere, men det kan gå tregt å laste nettsidene, og det vil også vere ein del eksternt innhald som ikkje er tilgjengeleg.
Utilgjengelege nettsider eller sein lasting gir ikkje grunnlag for klage.
Hovudtelefonar er tillatne under eksamen, bortsett frå på del 1 på to-delt eksamen. Skulen anbefaler hovudtelefonar som er kabla.