Hopp til hovedinnhold

Juks eller forsøk på juks på eksamen får store konsekvensar.

Kva er juks?

Med juks eller forsøk på juks, meiner vi handlingar eller forhold som ikkje er tillatne og som tar sikte på å gi deg eit fortrinn på eksamen. 
Det er ikkje noko skille mellom forsøk på juks og faktisk juks. Det er ikkje avgjerende om det ulovlege hjelpemiddelet faktisk er brukt, men at det har vore mogleg å bruke det.

På skriftleg eksamen er kunstig intelligens (KI) og omsettingsprogram ulovleg å bruke. Det gjeld også versjonar som fungerer utan internett-tilgang. Det betyr at det er forsøk på juks om du har dette installert på datamaskinen du bruker på eksamen.

Nokre eksempel på ulovlege handlingar og hjelpemiddel
  • all form for kommunikasjon, som programvare for samskriving, publisering på internett og bruk av skytenester
  • omsettingsprogram i språkfag
  • chatbot eller KI
  • kalkulator eller lærebøker på del 1 på eksamen i matematikk
  • å dele lærebok med ein annan kandidat under eksamen
  • tilkopling til anna nettverk enn eksamensnettverket
  • å ikkje slå av mobiltelefonen
  • å nekte å slette ulovlege hjelpemiddel blir rekna som forsøk på juks


Dersom du har lasta ned KI eller omsettingsprogram på datamaskinen din, må du slette det før eksamen. Er du i tvil om du har slike program, eller korleis du slettar programma frå datamaskinen, må du ta kontakt med IKT-tenesta på skulen.

Juks eller forsøk på juks kan bli oppdaga på eksamensdagen eller når sensorane behandlar eksamenssvaret ditt.
Dersom sensorane oppdager juks eller forsøk på juks i forbindelse med sensuren, blir skulen varsla om det.

Konsekvensar av å bli tatt for juks

Dersom det blir oppdaga at du har juksa eller forsøkt å jukse, blir eksamen annullert.
Du mister også standpunktkarakteren i faget, og kan tidlegast ta ny eksamen i faget ett år etter (som privatist).

Her kan du sjå kva Utdanningsdirektoratet skriv om juks (udir.no)