Hopp til hovedinnhold

Klage på eksamenskarakter/formelle feil

På skriftlege eksamenar kan du klage på karakteren, på andre eksamenar kan du kun klage på formelle feil.

Skriftleg eksamen

Dersom du meiner karakteren du har fått på ein skriftleg eksamen er feil, kan du klage.

Du bør be faglæraren din om råd før du sender ein klage. Resultatet av klagen kan vere at du beheld karakteren, at karakteren blir sett opp eller sett ned.

Korleis registrere ein klage?

Du finn ein klageknapp ved karakteren din under Vurderingar - Eksamen i InSchool. Du skal ikkje grunngi klagen.

Klagefrist

Klagefristen er ti dagar etter at karakteren er gjort tilgjengeleg.

NB! For at klagen skal bli behandla før sommarferien (hurtigklagebehandling), må du levere han så fort som mogleg.
Nøyaktig frist kjem her når han er fastsett.

Ikkje-skriftleg eksamen

På munnlege og andre ikkje-skriftlege eksamenar kan du berre klage på formelle feil med gjennomføringa som du meiner har påverka resultatet.

Korleis registrere ein klage?

Lenke til klageskjema finn du på denne nettsida (vlfk.no)
Du må forklare kva reglar du meiner ikkje har blitt følgde.

Klagefrist

Klagefristen er ti dagar etter at eksamen.

NB! For at klagen skal bli behandla før sommarferien (hurtigklagebehandling), må du levere han så fort som mogleg.
Nøyaktig frist kjem her når han er fastsett.

Meir informasjon

Les meir om klage på sluttvurdering på nettsidene til Vestland fylkeskommune:

Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel (vlfk.no)