Hopp til hovedinnhold

I samband med gravferda onsdag 9. september

Informasjon om kva som skjer på Slåtthaug vgs. i samband med gravferda til HM Kong Harald V.

På gravferdsdagen minnes kong Harald med eitt minutts stille over heile landet frå kl. 13.00 til kl. 13.01. Stillheita blir innleidd med tre klokkeslag frå alle landets kyrkjer. Når minuttet er over, markerer tre nye klokkeslag avslutninga på stillheita.

Felles for skulane i Vestland

  • Undervisning som planlagt, unntatt under sjølve gravferda
  • Skulane kan velje å legge til rette for å følge gravferda gjennom TV-sendingar på storskjerm eller i klasserom
  • Det er frivillig for elevane å følge strøyminga av gravferda
  • Det skal vera eitt minutts stille kl. 13.00
  • Lett beredskap frå helsesjukepleiar/kontaktlærar
  • Skulearrangement på kveldstid blir utsett

Ved Slåtthaug vgs.

For oss betyr dette at det blir markert eitt minutts stillheit i alle klasserom kl. 13.00.
Etter markeringa vil elevar som ønsker det, kunne følge gravferda via direktesending på A150 eller B117. Sendinga vil også vere tilgjengeleg for tilsette.

NB! Det planlagde foreldremøtet for vg1 onsdag 9. september, blir flytta til tysdag 8. september.