Stor stemning då Kverneland Bil overrekte ein splitter ny Ford Explorer til skulen på fredag.
Kverneland stilte med to heilelektriske Ford Explorer SUVar, og vi får behalde den eine!
Vi er svært glade (og takknemlege) for å ha så gode partnarar i bransjen - det er ikkje tvil om at bilen blir eit viktig tilskot til undervisninga på vg2 køyretøy.



Den andre bilen fekk også mykje merksemd, han blei studert frå alle vinklar.

Ei utfordring til skulen: kor mange elevar kunne vi få inn i bilen på ein gong? Rekorden var visst 15!
Våre folk var ikkje vanskelege å be - dei endte opp med å klare å presse inn 18 stykke! Det høyrest heilt spinnvilt ut, men på Instagram finst bilde.

(Alle foto: Terje K. Rasmussen)
