Hopp til hovedinnhold

Er du ikkje kvalifisert for neste steg i utdanningsløpet?

Har du fått karakteren 1 eller IV i to programfag, eller i tre fag totalt (programfag/fellesfag), er du ikkje kvalifisert for å gå vidare til neste steg i utdanningsløpet. Då må du omprioritere søknaden din!

Du må velje på nytt

Dersom du har fått karakteren 1 eller IV i to programfag, eller i tre fag totalt (programfag eller fellesfag), så er du ikkje kvalifisert for å gå vidare til neste steg i utdanningsløpet.

Ønsker du skuleplass frå hausten, må du omprioritere søknaden din innan 23. juni:

  • Dersom du ikkje har fullført vg1, må du velje eit nytt vg1.
  • Dersom du har ikkje fullført vg2, må du velje eit nytt vg1 eller nytt vg2.

Slik gjer du det

  1. Følg lenka nedanfor til nettsidene til Vestland fylkeskommune:
    Søknad og inntak til vidaregåande opplæring (vestlandfylke.no)
  2. Klikk på Skjema
  3. Klikk på Skjema for endring/omprioritering av søknad
  4. Logg inn med MinID
  5. Kryss av for at du ikkje er kvalifisert
  6. Fyll inn kva du ønsker å søke på i staden

Treng du hjelp?

Dersom du treng hjelp, kan du kontakte ein av rådgivarane på skulen.