Vi gratulerer Didar frå 2ELELa og Lars frå 2ELELb med ein imponerande andreplass i skole-NM for elektrikarfaget!
Flott innsats
15. og 16. april var Ringsaker vgs. vertskap for skole-NM i til saman sju fag, blant anna tømrarfaget, elektrikarfaget og sveisefaget.


Konkurransen i elektrikarfaget heldt skyhøgt nivå. Representantane "våre", Didar og Lars, gjorde svært god figur og enda til slutt fattige to poeng (av totalt 200 moglege) frå førsteplassen!

Skole-NM
Skole-NM er årlege arrangement i regi av WorldSkills Norway og fylkeskommunane der elevar frå ulike utdanningsprogram møtest for å kåre dei beste yrkesfagelevane i Noreg.
Les meir om skole-NM på nettsidene til WorldSkills Norway


(Foto: John Kjetil Langeland)
